top of page

Om

Ein mann i min beste alder. Svært interessert i musikk og då særleg låtskriving og live-musikk. Heilt sidan eg kjøpte min første gitar for konfirmasjonspengar har eg halde på med eigne prosjekt. Likar godt norsktekstlege låtar der artisten eller bandet formidlar noko viktigare enn eigne prestasjonar.

Eg er oppvaksen på Stord i Sunnhordland og har vore med i mange ulike band forutan å opptre åleine.
I 1998 flytta eg til Trondheim der eg i fleire år
leia bandet                
som var bygd rundt låtar eg hadde laga.

Det vart to plater i løpet av denne perioden. “Drønn” (2006) og “Meir enn alt” (2009). Sjekk ut desse om du ønsker.

 

I perioden 2002 – 2010 var eg tilsett som lovsongsleiar i Salem menighet i Trondheim. Gjennom menigheten og arbeidet der fekk eg god kjennskap til og erfaring med forsamlingsmusikk og allsong. Eg har blitt veldig glad i det som blir kalla moderne lovsong og har jobba mykje med dette dei siste åra. Hausten 2011 hadde eg premiære på Lovsongsmessa "Grenseløs Undring" som vart framført fleire stader på vestlandet.
 

I mai 2016 gav eg ut EPen "Et nådens år" med tre eigenkomponerte lovsongar. Eg er fødd og oppvaksen på Stord og syng på dialekt. I 2018 gav eg ut to singlar; "Stup" og "Tabu/Stigma".

I 2019 slapp eg albumet "Radikal" med 10 nye låtar. Albumet er innspelt i studioet til Frode Sæverud på Moster (Bømlo) som og har vore medprodusent i prosjektet.

​

I november 2020 gav eg ut singelen "Jesus". Låten er skriven ilag med David André Østby og teksten kom til etter at Noreg gjekk i lockdown som ein følge av corona.

​

Hausten 2021 er låten "Ved ditt bord" ute. Den handlar om nattverden og er ein takkesong til Jesus for det han lar oss få del i gjennom nattverdsmåltidet.

​

For tida samarbeider eg med produsent Vetle Jarandsen om å lage eit nytt lovsongsalbum / EP. Til dette albumet har eg jobba med fleire dyktige låtskrivarar, David André Østby, Konrad Lunde, Michael Jeff Johnson og Vetle Jarandsen. To singlar er allereie ute på strømmeplattformene.

​

Eg reiser rundt og held konsertar og leier lovsong både åleine og med band. Ta kontakt for å få på plass ein avtale!

349A2213.jpg

© 2016 John-Inge Rolfsnes

  • Twitter Clean
  • Facebook Clean
  • White Instagram Icon
  • SoundCloud Clean
bottom of page